Eg kjem frå Stårheim i Stad kommune og er 44 år. Gift og busatt på Sandane,
takknemleg mor til 4.
Til dagleg arbeider eg som dagleg leiar og styrar /grunder av Nygård barnehage AS på Sandane. Utdanna pedagog, med vidareutdanningar innan leiing og veiledning, samt utdanna relasjons terapeut, (emosjons fokusert terapeutisk tilnerming).
Å male gir meg energi og stor glede. I malerommet får eg plass til kreativitet og refleksjon, undring og utfolding. Ei glede eg ynskjer å dele!
Eg likar intuitive maleprosessar og min malestil er for det meste abstrakt,men kan og ofte ha figurative innslag med emosjonelle uttrykk. Eg likar å skape rom for eiga tolkning og historie
Naturen er ei stor inspirasjonskjelde, samt eine livserfaringer og sinnsstemning, fagfelt som opptek meg, Tru og livsfilosofi.
Av og til kjem det nokre ord til maleria, ofte i form av dikt.
Eg har deltek på ulike malekurs siste åra med læremestra, eks Kjersti Munkejord Lamb, Magne Kristiansen, Lene A Hege K Sandtorv, m.fleire.
Elev ved Nydalen Kunstskule.