Om Meg
Ragne Mari Røed Kandal
Eg kjem frå Stårheim i Stad kommune og er 45 år. Gift 4 barns mor, busatt på Sandane,
Til dagleg arbeider eg som dagleg leiar og styrar /grunder av Nygård barnehage AS på Sandane. Utdanna pedagog, med vidareutdanningar innan leiing og veiledning, samt samtale terapeutisk utdanning.
Å uttrykke meg gjennom å visualisere bileter og maleri gjev meg energi og stor glede. I det kreative rommet er det plass til refleksjon, undring og utfolding.
Intuitive maleprosessar tiltrekker meg og min malestil er ofte abstrakt, men den har og ofte figurative innslag med emosjonelle uttrykk. Eg ynskjer å skape rom for eiga tolkning og historie. Naturen er ei stor inspirasjonskjelde, samt
eigne livserfaringar og sinnstemningar, fagfelt som opptek meg, tru og livsfilosofi.
Av og til kjem det nokre ord til maleria mine, ofte i form av eit dikt. Dei fylgjer med maleria eller trykka som eg lagar.
Våg å leve livet du drømmer om
Eg har gått div malekurs siste åra med eks: Magne Kristiansen, Kjersti Munkejord Lamb, Ane Skillberg, Lena Andersen, Hege K Sandtorv m.fleire.
Eg er undervegs med ei 2 -årig billedkunstutdanning på deltid ved Nygdalen kunstskule i Oslo. Denne utdanninga er orientert mot billedkunst, teikning og maleri.