Mitt navn er Ragne Mari Røed Kandal, eg kjem frå Stårheim i Stad kommune. Eg er 45 år, gift med Ronny Kandal og busatt på Sandane i Gloppen kommune. Takknemleg mor til våre 4 ungdomar på 12, 17, 19 og 22.
Til dagleg arbeider eg som dagleg leiar og styrar /grunder av Nygård barnehage AS på Sandane. Utdanna pedagog, med vidareutdanningar innan leiing og veiledning, samt samtale terapeutisk utdanning. For meg er
Å uttrykke meg gjennom å visualisere bileter og maleri gjev meg energi og stor glede. I det kreative rommet er det plass til refleksjon, undring og utfolding. Her kan eg gje uttrykk for heile spekteret av kjensler, glede, sorg, kjærlighet, sakn, sinne, frykt og håp. Gjennom å skape bileter kan eg kanalisere mine indre kjensler og erfaring på èin kreativ og meiningsfull måte.
Intuitive maleprosessar tiltrekker meg og min malestil er ofte abstrakt, men den har og mange figurative innslag med emosjonelle uttrykk. Eg ynskjer å skape rom for eiga tolkning og historie for den som ser, og inspirere til refleksjon, empati, trøst og håp.
Naturen er og ei stor inspirasjonskjelde, samt eigne livserfaringar, fagfelt som opptek meg som barndom og psykologi, tru og livsfilosofi
Av og til kjem det nokre ord til maleria mine, ofte i form av eit dikt. Dei fylgjer med maleria eller trykka som eg lagar.
Eg har gått div malekurs siste åra med eks:
Magne Kristiansen, Kjersti Munkejord Lamb, Ane Skillberg, Lena Andersen, Hege K Sandtorv m.fleire.
Eg er pr 2024 undervegs med ei 2 -årig billedkunstutdanning på deltid ved Nygdalen kunstskule i Oslo. Denne utdanninga er orientert mot billedkunst, teikning og maleri.